Enklare og tryggare med Gripkurs

Enklare og tryggare med Gripkurs

- I alle bedrifter vil det vere ulike behov for opplæring. Nokre har mykje erfaring frå hjarte- og lungeredningskurs, mens andre har aldri har vore borti det. Med Grip sitt kurs, kan kvar enkelt ta det i sitt tempo og repetere ved behov, seier Gro Gjerdevik ved Bryggen Hotel på Nordfjordeid.

 

Tekst og bilete: Åse Skjølberg

Ho trur at nettopp det vil vere ein tryggleik for den enkelte tilsette, og dermed også for verksemda. Og for eit hotell handlar det ikkje minst om at dei mange tusen gjestene som besøkjer dei årleg, skal vite at dei er i trente hender om noko skulle skje.

 

Kor som helst, når som helst

Hotellet er ei av verksemdene som let sine tilsette gjennomføre Grip sitt nye onlinekurs. Gro, som er salgs- og marknadsansvarleg, sit i ein stol ved resepsjonen med blikket festa på smarttelefonen. Ho utnyttar ei roleg stund på formiddagen, men er likevel parat om nokon skulle komme eller ringe. På mobilskjermen rullar Grip sin steg-for-steg film om livreddande hjelp. I eit møterom nokre meter unna, sit to kollegaer med ein pc-skjerm og kvar si MiniAnne dukke. Andre kollegaer tek kurset når dei har ledig tid, enten på jobb eller heime.

Det er ein av grunntankane bak onlinekurset; det skal vere enkelt og fleksibelt. Så lenge du har ein skjerm og nettilgang, kan du ta kurset der det passar deg, når du har ledig tid. Det gjeld også den praktiske delen av kurset, sidan alle får si eiga øvingsdukke.

 

Alle må kunne alt

Gro Gjerdevik har lang fartstid i hotellbransjen, og ho trur mange slike verksemder vil setje særleg pris på fleksibiliteten i Grip sine kurs.

- Vi har mange sesongarbeidarar, og med dette kurset vil det vere lett å sikre at alle får naudsynt opplæring når dei kjem, utan å måtte samle heile staben til eit meir tradisjonelt kurs.

Ho meiner at på eit lite hotell, er det spesielt viktig at absolutt alle kan hjarte- og lungeredning.

- Alle må kunne alt, sidan vi i periodar er få på jobb. For meg er det trygt og heilt nødvendig å vite at alle mine kollegaer kan dette, for om ein gjest fell om her i resepsjonen, må eg kunne rope på hjelp frå kjøkkenet så dei kan starte hjarte- og lungeredning medan eg ringjer etter ambulanse.

39-åringen har sjølv opplevd at gjestar har ramla saman framfor augene på henne, og dermed erfart kor viktig det er å vite kva ein skal gjere.

- Det kan skje når som helst, og då må vi vite kva vi skal gjere, kven vi skal kontakte, kva vi skal seie – uansett om stresset er der. Du er ansvarleg når du er på jobb!

 

Puste liv i kunnskapen

Frå ei flat pappøskje med teksten «Bry deg, lær deg» på, plukkar Gro Gjerdevik fram øvingsdukka MiniAnne. Den er inkludert i kursavgifta til kvar deltakar, så det skal vere lett å øve på riktig teknikk.

Ho opnar ventilen og pustar luft inn så den flatpakka dukka får menneskelege former på hovud og bryst, legg den på golvet og plasserer handflatene på bringa. Med strake armar pressar ho raskt med 30 repetisjonar.

- Oi, det var tungt, seier ho, positivt overraska over at den vesle dukkekroppen gir så naturtru motstand.

Gro poengterer at ein ikkje må kvile på at ein deltok på eit førstehjelpskurs for ti år sidan. Sjølv har ho gjennomført mange ulike hjarte- og lungeredningskurs, men føler likevel stadig behovet for repetisjon.

- Det som ofte skjer ved tradisjonelle kurs, er at etter eit par dagar, så byrjar du å bli litt usikker på detaljane, men det blir jo ikkje til at du ringjer instruktøren eller andre for å spørje oppatt. Med Grip sitt kurs, kan ein lett repetere enkelte deler eller heile kurset når som helst og kor som helst. Det gir tryggleik, seier Gjerdevik medan ho bøyer seg over MiniAnne og bokstaveleg talt byrjar å puste nytt liv i kunnskapen sin.

 

Gå tilbake til Grip.no

 
 

© 2017 Grip AS